Fosnavåg Konserthus

Wednesday @ 19:30

Fosnavåg, Norway

Concert: El Muro Tango & Tora Augestad feat. Cyrena & Steinar

Gig Details

Admission:
390 NOK

Det kritikarroste tangobandet El Muro Tango har opplevd ei eventyrleg framgang sidan oppstarten i 2016. Hausten 2019 spelte dei for fullt hus i sjølvaste Royal Concertgebouw i Amsterdam, og seinare har det følgt invitasjonar til europeiske festivalar som Innsbruck Tango Festival og Jazzkaar. I november legg dei ut på Norgesturné og tar turen innom Fosnavåg saman med sangerinna Tora Augestad og stjerneparet Cyrena & Steinar (Norske Talenter). Dei inviterer til ei forrykande tangoframsyning med spektakulær dans, lidenskapelege musikk og heftige rytmar!

Norsk-argentinske El Muro Tango gav ut debutalbumet sitt Nostálgico på Galileo Music i 2018 til strålande kritikkar i den internasjonale pressa. «Handverket her er eksepsjonelt. Dette er kvalitetsmusikk, spelt til perfeksjon. Vidare er det tydeleg at kvar enkelt bandmedlem speler kvar note med den presise lidenskapen som forsikrar at tango beintfram aldri berre endar opp i historiebøkene», skreiv Dan Hobson i Songlines Magazine i meldinga si av plata. El Muro Tango har dei siste åra spelt over 100 konsertar i Europa og Argentina, og jobbar med nokon av Argentinas fremste songarar som Juan Villarreal, Omar Mollo og Chino Laborde.

Tora Augestad er ein norsk sangerinne og skodespelar med hovudvirke i Tyskland, Sveits og Noreg. Ho har markert seg som ein svært fleksibel songar som rører seg mellom samtidsmusikk, musikkteater, kabaret, pop og tidligmusikk. Ho er kjent for sine originale musikalske og dramatiske konsept. Plateinnspelingane hennar spenner vidt, frå ein portrett-CD med verkar av Kurt Weill, Marcus Paus og Charles Ives med Oslo Filharmoniske Orkester til innspelingar av tidligmusikk og kabaret med bandet Music for a While, beståande av mellom anna trekkspelaren Stian Carstensen og jazztrompetist Mathias Eick. Sidan 2007 har ho vore busett i Berlin.

Danseparet Cyrena Drusine & Steinar Refsdal vart for alvor kjent for det norske publikummet som finalistar i Norske Talenter i 2018. Paret har opptredd på festivalar og show rundt om i Europa, i Buenos Aires, New York og Bangkok. Dei har halde oppvisning med Oslo-Filharmonien og
gjesta Den Norske Opera & Ballett, og er vorte rost for elegansen og lidenskapen sin.

Denne kvelden blir ei fantastisk moglegheit til å lena seg tilbake og nyta dans og musikk av topp internasjonal klasse!

Venue Details

Address
Gerhard Voldnes veg 7
Fosnavåg 6090
Norway
Website: